Konsertar med Misery & Company


Misery & Company held konsertar i Kjølsdalen kyrkje 12.april, Heggjabygda kyrkje 17. april og Selje kyrkje 19. april. Alle konsertane er kl. 20:00.

Bilete av Misery & Company

Misery & Company er eit bluegrassband frå Nordfjordeid. Dei har gitt ut eigen musikk og mellom anna spelt på Norsk Countrytreff, Gymmen Americanafestival, Malakoff LiveLaga og vore nominerte til Luttprisen for beste nykommar i Sogn og Fjordane. Musikken dei spelar er bluegrass, akustisk musikk med fleirstemt song, banjo, fele, gitar, mandolin og kontrabass. Bluegrass er ein nær og kjær slektning til gospelmusikken, og mange gospellåtar kler bluegrassdrakta svært godt.

Denne kvelden har Misery & Company med seg eigne låtar, coverlåtar og kjende gospellåtar. Dette er musikk som kler kyrkjerommet godt, og med akustiske instrument saman med sterke stemmer lovar dei ein stemningsfull time. Hjarteleg velkomne!

Billettar i døra og på vipps.

Vaksne: 250 kr
Born under 16 år: Gratis

Tilbake