KFUK KFUM Sogn og Fjordane etablerer prosjekt Nordfjord saman med fellesråda i Nordfjord og Bjørgvin bispedøme.
Ei kjent utfordring for mange kyrkjelydar og organisasjonar er korleis ein kan nå og rekruttere ungdom til lokalt frivillig arbeid.
Nesten 90 % av ungdomane i Nordfjord bur i Nordfjord til dei er 19 år og startar på høgare utdanning. Ein del av ungdomane flyttar på hybel til nabokommunen når dei er ferdig med ungdomsskulen men sjølv om dei flyttar så er dei ein viktig ressurs for den lokale kyrkjelyden og for kyrkjelyden dei har flytta til.
Til desse utfordringane har no KFUK KFUM Sogn og Fjordane, felleråda i Nordfjord og Bjørgvin bispedøme inngått eit unikt toårig samarbeidsprosjekt der vi ynskjer å sette ungdom sine behov i førarsete og gjer kyrkja og KFUK KFUM betre istand til å tenke strategisk om leiartrening og utvikling av leiarverktøy i regionen. Oppstart av prosjektet vert i august i år og varer fram til sommaren 2022.
Fokuset med dette prosjektet er å styrke og utvikle ungdomsarbeidet i regionen ved å etablere eit kvalitativt godt, attraktivt og berekraftig programtilbud for ungdom (13-19 år). Ved prosjektperiodens utløp er målet at Nordfjord har ein samla strategi og verktøy for rekruttering og utvikling av unge leiarar og at den lokale kyrkjelyd i større grad er i stand til å etablere gode og trygge barne og ungdomsaktivitetar.
KFUK KFUM Sogn og Fjordane har tilsatt Ingeborg Koppen Hessevik i denne prosjektstillinga og vi er særs glad for å få med ho på laget i dette viktige arbeidet. Ingeborg Koppen Hessevik er busatt i Stryn, jobbar på Stryn vidaregåande skule som lærar. Ho har brei erfaring frå KFUK KFUM og har vert hovudleiar for Ten Sing Norway i eitt år samt at ho har jobba i vår søsterorganisasjon KFUK KFUM speidarane med hovudansvar for utvikling av programtilbod for speidarane nasjonalt og lokalt.
Det er få slike samarbeid nasjonalt og derfor vil prosjekt Nordfjord vere eit pilotprosjekt i korleis tenke strategisk for leiarutvikling og rekruttering i kyrkje og organisasjon i ein region. Vi i KFUK KFUM Sogn og Fjordane ser fram til å jobbe tett saman med kyrkjelydane i Nordfjord for å utvikle gode verktøy for rekruttering av unge leiarar til arbeid lokalt og nasjonalt.
Fakta om KFUK KFUM Norge
KFUK-KFUM er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som kjemper for unge menneske sin rett til å leve og utvikle seg som heile mennesker. Med våre 25.000 deltakarar og 400 grupper og verksemder over heile landet er vi leiande på opne og trygge fellesskap. I KFUK-KFUM kan unge mennesker vere seg sjølv og stå opp for andre.
Vi er del av YWCA (Young Womens Christian Association), som er verdens største kvinnebevegelse, og YMCA (Young Mens Christian Association), som er verdens største ungdomsbevegelse.
kjelde:
https://kfuk-kfum.no/om-oss
https://ronningen.fhs.no/linjene/ten-sing-norway/
Kontaktperson:
Stein Robert Osdal, mobil 41764312
Ingeborg Koppen Hessevik, mobil 91898656
Ein kan og kontakte kyrkjeverjene i Gloppen, Stryn, Stad og Bremanger for ytterlegare kommentarar.
Førde/Selje 23.06.2020