I Stad Kyrkjelege Fellesråd gjennomfører vi gravferder som vanleg - men vi oppmodar folk om å finne andre måtar å vise kondolanse og omsorg på enn å møte fram i gravferdene, seier kyrkjeverja
Bjørgvin Bispedøme har avlyst alle gudstenester og andre kyrkjelege arrangement, samt tilrådd at berre næraste pårørande deltek ved gravferd og at ein set eit "tak" på max 50 personar
I Stad Kyrkjelege Fellesråd vil dette bli gjennomført slik:.
"For å bidra til å avgrense smitte av Korona-virus vil vi helst at berre næraste pårørande deltek i gravferdene", seier kyrkjeverje i Stad, Kristen Hundeide. "Vi vil likevel ikkje nekte nokon å delta i gravferd - men vi bed om at:
- At folk tek ansvar og ser seg sjølve som potensielle smittebærarar og at ein utsett andre for smitte ved å delta i gravferd
- At folk følger råda om god håndhygiene og om å ikkje helse eller kondolere med handtrykk eller klemming.
- Hald god avstand til kvarandre, særskilt dei som ein ikkje har dagleg kontakt med.
- Finn andre måtar å vise omtanke eller omsorg på til pårørande enn å gå i gravferda.
- Kondolanseprotokoll vert ikkje lagt fram.
Prestar og andre tilsette er tilgjengelige på telefon for informasjon og samtale.
Kyrkjekontora i Eid og Selje held ope, men vi ber om at kommunikasjon skjer via telefon eller e-post så sant dette er mogleg..