v/Olav Sigurd Gundersen, sokneprest i Eid og Stårheim
Det står skrive i Luk 24,1-9
1 Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. 2 Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. 3 Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. 4 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede.
5 Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? 6 Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: 7 ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» 8 Då kom dei i hug orda hans. 9 Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.
Påskefest.
Lyft dykkar hjarte til Herren!
Feir med meg festen over alle festar!
Smykk sorgens hus !
Fryd dykk over alle unders under!
Kom ut av angstens karantener!
Opne tilstengte dører!
Riv ned mørke gardiner!
Spring ut til lys og friheit!
Alle gravers grav er sprengd.
Fotvilinga sin stein er rulla bort.
Smertenes mann lever mellom oss.
Den nye verda har hatt sin første dag.
Syng om sigeren over alle sigrar!
Fei angsten ut av hjarta!
Våg alt påska 2020 livet av i morgon!
Det kjem ein dag etter alle desse Koronadagane, kalla den herlege kvardag. Då det er slutt på viruset si makt og borna si fortviling over at far ikkje kan matteleksa. Då det er slutt på dei sjuke sin angst og dei smitta sin isolasjon. Då det er slutt på nedstenging og arbeidsløyse. Då det er slutt på 2 meters avstand og tome gater. Då det er slutt på besøksforbod og einsemnda om natta.
Og då vil det vere useieleg kvardagsglede og god latter. Vi sit kring festbord og lær av lukke. Klemmer kvarandre som dei som har vakna etter eit mareritt.
Allereide no drøymer vi om denne dagen, med vakne sansar, fulle av håp, innøver vi framtida, motstår det vonde, og jublar: « PÅSKEMORGEN SLUKKER SORGEN»