Det er tid for å laga lister til kyrkjevalet. Både ved soknerådsvalet og bispedømerådsvalet er det frist 31. mars kl. 12 for å levera listeforslag.
Kyrkjeval er 10. og 11.september 2023.
På valdagen kan du stemme i samband med at du stemmer ved kommune- og fylkestingsvalet. Arbeidet med å setje opp lister til nye sokneråd er i full gang, og i desse dagar blir mange kontakta og spurt om dei har lyst til å vere kandidatar.
Kyrkjevalet er to val i eit. Du stemmer på kandidatar til soknerådet der du bur, og kandidatar til bispedømmerådet og Kyrkjemøtet.
Kvart sokn/kvar kyrkjelyd har sitt sokneråd som styrer arbeidet i kyrkja lokalt; gudstenester og tilbod for ulike aldersgrupper.
Ein nominasjonskomité set opp lista med personar du kan stemme på. Soknerådet er valt for fire år.
Soknerådsvalet inneber indirekte val til fellesrådet. Det er eit fellesråd i kvar kommune. Fellesrådet har administrative og økonomiske oppgåver på vegner av sokna, ansvar for kyrkjebygg og gravplassar og arbeidsgjevaransvar for kyrkjetilsette utanom prestane.
Vi treng menneske med ulik alder og erfaring!
Den norske kyrkja er ei demokratisk folkekyrkje. Det vil mellom anna seie at alle medlemmene i Den norske kyrkja kan vere med på å forme kyrkja. Det er viktig at det ikkje berre er dei mest aktive i kyrkja som er med på å forme den.
Mange har rik livserfaring og kunnskap frå yrkesliv og frivillig arbeid. Desse er viktige tilskot til det teamet som skal utgjere soknerådet.
Så svar frimodig JA til å vere med om du blir spurt!
Om du tenkjer at "dette har eg lyst til å vere med på" og ikkje blir kontakta, så sei ifrå. Valnemndene har ikkje oversikt over alle og kven som har lyst til å vere med.
Vil du stå på liste? - Ta kontakt med ditt sokneråd eller kyrkjekontoret.
Lenkje til meir informasjon om kyrkjevalet