Ervik kyrkje
Alt under krigen vart det teke til orde for at det måtte reisast ei minnekyrkje etter at hurtigruteskipet St. Svithun forliste.
Ervik kyrkje er frå 1970. Arkitekt var O. Platou I firma A. Arneberg I Oslo.
Sjølve kyrkjerommet har 75 sitjeplassar. Bygdene Honningsvåg, Årvik, Ervik og Morkadalen med om lag 300 menneske, soknar til kyrkja.
Kyrkjegarden i Ervik er langt eldre enn kyrkja. Jordfestinga vart gjort i samband med den årlege «Ervikpreika» i friluft. Ei sterk drivkraft i arbeidet med å få reist ei kyrkje ved den gamle kyrkjegarden, var ønskjet om å få reist eit gudshus til minnestad over dei mange som var omkomne på havet utanfor Stad.
Særleg gjaldt dette ulukka 30.september 1943 då hurtigruteskipet St. Svithun forliste ved Buholmen etter å ha vorte bomba av britiske fly i leia rett utanfor Ervik. Om lag 75 menneske vart berga av småbåtar som kom ut frå bygda. Alt under krigen vart det teke til orde for at denne redningsdåden måtte heidrast ved at tanken om ei minnekyrkje vart realisert. Men først i slutten av 1950-åra kom det fart i arbeidet, og 14.juli 1970 vart kyrkja vigsla.
Altarbiletet er laga av nordmørs-kunstnaren Kalla Skrøvseth. Det er eit materialbilete der hovudmotivet er korset som bergar menneske på livs-seglasen til den trygge hamna hos Gud.
Skipsklokka frå St. Svithun tener som kyrkjeklokke.
I 1976 vart ei tavle over dei 50 som omkom i St. Svithun-ulukka hengt opp i garderoben, og i 1985 vart skipsfløyta teken opp frå vraket, stelt og sett opp som kyrkjebøsse.
Ankeret frå St. Svithun vart heva i 1995 og er plassert framfor kyrkja.