Gravminne
Familien står fritt til å skaffe gravminne, men gravminnet må vere slik at det ikkje bryt med reglane i Gravferdslova og reglane for kyrkjegardane i Stad. Kyrkja i Stad formidlar ikkje gravminne. Dei aller fleste vel å skaffe dette gjennom gravferdsbyråa. Kyrkjekontoret kan gje orientering om gjeldande regelverk for graver og gravminne.
Stell av graver
Dersom dei pårørande ynskjer det, kan kyrkja tilby stell av graver. Det må då opprettast ei stellavtale som skal dekke kostnaden med stell av grava.
Kyrkjekontoret kan orientere nærare om ulike alternativ og prisar for stell av graver.